Tusenårsstaden
I høve tusenårskifte har alle kommunar i landet valdt sin Tusenårsstad. I Gaular fall de lett å velje Osen gard. Historiske spor attende til folkavandringstida og ikkje minst at ein meinar det er her Jarlesete låg gjorde de vanskeleg å velje noko anna.
No ligg det føre planar om å byggje eit anlegg som kan fortelje historia vidare samstundes som det skal verta ein god plass for kulturopplevingar i notida. Arkitekt Yngve Brakestad på Åmot Gard har laga utkast til eit (heilt park og opplevingssenter). I prosjektet Vikingfjorden håpar å få til ei finansiering for å kunne setje det ut i livet.
Osen gard
Med si sentrale plassering i botn av Dalsfjorden og ved porten til eit frodig dalføre, var Osen lenge eit naturleg knutepunkt for Gaulværingane. Her skjedde overgangen frå sjø til land. Storparten av dalafolket måtte setje sin fot på Osen si jord når dei skulle til og frå sjøen. Under Osfossen leigde dei grunn til nausta og sjøbuene sine. Det vart difor naturleg at bergenske borgarfamiliar fann det lønsamt å drive handel i Osen. Kring 1700 var det 4 kremmarar og eit gjestgiveri her.Frå 1680 - og truleg før - var Osen brukt som fast tingstad. Den tingsova som står her i dag, vart flytta hit ca. 1840.Det eldste spor etter menneske i Osen er ein leirskifer-pilspiss datert til ca. år 1900 f. kr.
Frå folkevandringstida (400 - 600 e. kr.) er det funne tre steinsette graver, ei vevskei, leirkrukker, trespann og ei fugleforma hårnål av bronse. I ei mannsgrav vart det funne beltestein, sverd, piler, leirkrukker og prydspenner.
I 1978 vart ein runekross av bly funnen her. Han er datert til middelalderen (1030 - 1400). Innskrifta på latin inneheld bøner: Fadervår i tilleg til fleire magiske teikn. På funnstaden har det tidlegare vore to gravhaugar, dei siste funna tyder på at det kanskje har vore ei middelaldertuft her. Krossen kan vere lagt her for å verne mot vonde makter.
I vikingtida veit ein at tre jarlar budde her. I tillegg til Atle Jarl var både faren og sonen jarl. Gaulum er nemnd fleire stader i dei islandske ættesogene. I dei sparsame skriftene vi har frå mellomalderen (ca. 1050 - 1537) er ikkje Osen nemnd. Ein gong i denne tida kjem garden i kongen si eige - i alle fall er han ein del av Svanögodset på slutten av 1600-talet. Dette godset var opphavleg kongen sine gardar og gardpartar.
|