Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss til himmels!

Knut Jørgen Røed Ødegaard kjem til Vikingfestivalen for å fortelje oss om kva syn vikingane hadde på stjernehimmelen og korleis dette perspektivet har endra seg fram til vår tid. Endringane av stjernehimmelen er storstilte, men det skjer sakte. Fenomen på sola har i den same perioden påverka livsgrunnlaget dramatisk i vår del av verda.

Vikingane levde i ei tid uten lysforureining og uten kunnskap om kva dei lysande prikkane på himmelen faktisk var. Den gongen levde folk mykje tettare på naturen og stjerne-himmelen. Dei såg for seg skikkelsar og gudar som regjerte der oppe. Han vil også sei noko om navigasjon ved hjelp av stjernene og korleis dette hjalp vikingane til å finne fram. I tillegg vil han fortelje om komande store hendingar på himmelen i haust og framover.

Knut Jørgen Røed Ødegaard er astrofysikar, kjem frå Jevnaker og formidlar populærvitskap. Han har tidligare operert som formidlingsansvarleg ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo. Han har og vore dagleg leiar for verksemda ved Solobservatoriet på Harestua.

Han har stått sentralt i planlegginga og gjennomføringa av ei rekke astromirelaterte arrangement dei seinare åra, som til dømes Venuspassasjen i 2005 og Solformørkinga i 2004. Han hjalp også til som prosjektleiar for Astrofestivalen i 2001.

Røed Ødegaard har medverka i barne- og ungdomsprogrammet Newton på NRK1. Han er og forfattar og oversetjar, og leia i ein periode radioprogrammet Hurum og Ødegaard i Kanal 24, saman med paleontologen Jørn Hurum. Fra 2005 – 2008 var han leiar av Norsk Astronomisk Selskap.

Med sitt store engasjement og kunnskap har han bidrege til å auke interessa for astronomi og realfag. Dette bidrog til at han i 2004 mottok prisen Årets kommunikator av Kommunika-sjonsforeningen, for sin omfattande innsats for formidling av vitskap i massemedia.

Sjå program for Vikingfestivalen her