
Vikingfestivalen i 2009
Gaularspelet har vedteke at det vert ei ny historisk vikinghelg 8.-9. august 2009. Det betyr også at det vert Vikingfestival denne helga.
Festivalområdet ligg på ei stor slette, idyllisk til på Osen gard i Bygstad. Her vert det bygt opp fleire vikingtun med lavoar og vikingtelt.
Her møtast vikingar som driv med forskjellige sortar gardsmat og handverk. Gamle skikkar og teknikkar vert demonstrert.
Vi har omvising på 1000 års staden Osen gard. Du kan sjå gravfunn frå vikingtid og jarnalder, naturreservat og Nord-Europas eldste laksetrapp m.m.
I Bygstad har vi også Vikingskip som ein kan vere med å ro på fjorden.
Andre aktivitetar for heile familien er leikeområdet vårt med vikingleikar sjølvsagt. Eit svært populært område er dyreparken vår. Du kan helse på mange forskjellige dyre og du kan ri fleire typar hestar.
På ein marknad kan du sjølvsagt handle, og du kan kose deg med vikingmat av alle slag og nyte underhaldning frå scena og på området.
Vi håper dette verkar spennande og at akkurat DU vil vere med å lage ein unik festival. Har du ein spesiell hobby eller eit handverk, ring eller send oss ein e-post styret(alfakrøll)gaularspelet.no.
|