Etter årsmøte i Gaularspelet 30.11.09, ser det nye styret slik ut:
Leiar: Per Kjelstad
Styremedlemar: Jarl Tyssekvam, Ole Magnus Mo, Kari Sygna og Arne Mo
Varemedlemar: Mette Grytten og Ragnhild-Lise Korsvoll
Vi kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte i Gaularspelet, måndag 26. oktober kl. 20.00 i Bygstad Samfunnshus
Sak:
Framtida til Gaularspelet - Kva og korleis?
Enkel servering
Kunne du tenkje deg å sitte i styret til Gaularspelet? Gaularspelet 2009 vart eit vellukka arrangement med gode besøkstal og positive tilbakemeldinger frå både publikum og deltakarar. No treng vi folk som har lyst til å vidareføre og vidareutvikle Gaularspelet. Dette er ei unik muligheit til å vere med og bestemme korleis Gaularspelet og Vikingfestivalen skal sjå ut i framtida!
Interessert? Send ein e-post til styret@gaularspelet.no
For å få programmet til å gå i hop, har vi blitt nøydd til å flytte på tidspunkta for framsyningane, i forhold til det som står i brosjyrene. Tidspunkta som står på plakatene er rett. Nytt program for Gaularspelet ”Kjærleikssaum” blir difor:
Laurdag 8. August:
19.00 Premiere Gaularspelet ”Kjærleikssaum”
Søndag 9. August:
13.30 Framsyning Gaularspelet ”Kjærleikssaum”
16.30 Framsyning Gaularspelet ”Kjærleikssaum”
Meir detaljert program for helga finn du her
Etter premieren laurdag vil det bli etegilde i festivalområdet. Her vert det servert Vikingsuppe med tilbehør. Et så mykje du vil for kr 145,-. Påmelding til Reidun Bjergene, tlf: 410 41 891 eller e-post: styret@gaularspelet.no. Dersom det er stjerneklårt vil Knut Jørgen Røed Ødegaard fortelje oss om kva vi ser på stjernehimmelen etter etegildet.
I rolla som den eldste jarlesonen, Holmstein, vil vi i år finne Åsmund Brede Eike. Åsmund er fødd i 1970. Han har hatt roller og vore kamp- og fektekoreograf i fleire sogespel, mellom anna i Kinnaspelet og Spelet på Stiklestad. I tillegg spelte han i Sverdet i Sarpsborg og i Gullhjelmen ved Teater Ibsen i 2000. Dei siste åra har Åsmund jobba mykje med film og TV og har medverka i bl.a Kodenavn Hunter, Brigaden, Fox Grønland, Jeg er Dina og Soria Moria. Les meir om dei andre aktørane
I år vil Danseverkstedet skape liv og røre i vikingleiren og ved Osfossen. ”Vikingbarn” vil danse ringdans i vikingleiren, og dei vil trekke med seg publikum til Osfossen. Ser vi nøye nok etter, så vil vi få sjå ”huldrene” danse for oss!
Danseverkstedet vert drive av Jorunn Reina på 15. året. Over 400 elevar kan i dag lære ulike former for dans. Ein av dei første elevane til Reina, Miriam Førde, er i dag danseinstruktør ved Danseverkstedet. Førde har ein Bachelor i dans og pedagogikk ved Universitetet i Stavanger. Miriam Førde står for koreografien på dansen vi vil få sjå i Osen.
Gaularspelet er ei stor oppsetjing som krev mykje folk. Kunne du tenke deg å vere statist, synge i kor eller kanskje vere med i vikingkorpset? Vi treng spesielt gutar/menn i alderen 16-40 år som statistar. Har du lyst å vere med så ta kontakt med vår koordinator, Trine på telefon 480 14 085 eller send e-post til styret@gaularspelet.no.
Det vert nye folk å sjå i mange av dei sentrale rollene i spelet, endå er ikkje alt på plass, men av dei som er klare kan vi nemne Åslaug Timenes Bell som Helga den Fagre, forfattaren sjølv, Rolf Losnegård i rolla som Atle Jarl og Håvard Korsvoll blir den nye Ingolv Arnarson. Les meir om hovudspelarane her
Den kjende astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard kjem til Vikingfestivalen. Ødegaard har stått sentralt i planlegginga og gjennomføringa av ei rekkje astronomirelaterte arrangement dei seinare åra, slik som arrangementa i samband med Venuspassasjen i 2005 og solformørkinga i 2004. Under Vikingfestivalen vil han fortelje om korleis vikingane tolka stjernehimmelen.
Sildakongen Arvid Otto Mørk, som er ein kjent sjømann, industribyggjar og folketalar er klar for årets Vikingfestival. Han vil glede publikum med song, musikk, tale og eit stort heilnorsk Sildakongens Grand Royal Sildebord. Les meir om Sildakongen på www.herringking.com
Leiar: Helge Kårstad
Nestleiar og leiar for Vikingfestivalen: Reidun Bjergene
Skrivar og koordinator for spelet: Trine Lise Sagmo
Kasserar: Kari Sygna
Styremedlem: Arne Mo Vara: Mette Grytten og Bjørg Sunde Øvrebø
I høve Tall Ships Races i Bygstad blir det
Vikingfestival på Sveen onsdag 6. august og
torsdag 7. august kl. 11.00-20.00
Vikingfestivalen kan by på underhaldning, utstillingar,
sal av handverk, leikar, dyr og mykje
meir!
Det vert underhalding av lokale utøvarar med
bl.a dans, felespel og fløytespel.
Ta turen innom oss på Sveen i Bygstad!
2008 er kvileår for Gaularspelet og vikingfestivalen, men styret jobbar kontinuerlig og er allereie godt i gong med å planleggje neste spel, som blir i 2009. Les meir om dette over.
Leiar: Helge Kårstad
Nestleiar: Reidun Bjergene
Skrivar: Trine Lise Sagmo
Kasserar: Anne Lilleaasen
Styremedlem: Ragnhild-Lise Korsvoll
Vara: Bjørg Sunde Øvrebø og Mette Grytten
Firda ha eigen biletserie frå Gaularspelet 2007
Gaularspelet samla nærmare 1500 personar i Osen på laurdag og sundag. Av desse var det totalt 1126 betalande pluss gjestar, born under skulealder, utstillarar og alle dei omlag 200 frivillige som gjer Gaularspelet mogeleg.
Styret takkar alle for ei fin veke og so skal me prøve å legge ut litt bilder etterkvart.
Fornyings- og administrasjonminister Heidi Grande Røys stod for opning av Gaularsplete 2007 og avduking av bautastein over Atle Jarl. Les meir om Bautasteinen her.