Skodespelarar:
-
Kristian Asbjørnsen – Leiv Rodmarson
Kristian er fødd i Porsgrunn, men flytta til Texas då har var 2 år. Etter det har han budd både i Maryland og Larvik. Han er ein av dei profesjonelle kreftene i Gaularspelet, og har skodespelarutdanninga si frå Guilford School for Acting and Musical Theatre, der han gjekk treårig dramalinje. Har nivå 2 i scenekamp med utmerking. Han har òg gått på musikallinja til Bårdar Akademiet i Oslo. Kristian har hatt roller i bl.a. Romeo og Julie (Romeo), Oedipus Rex, Hamlet og Ein Midtsommernattsdrøm.
-
Åsmund-Brede Eike – Holmstein Atleson
Åsmund er fødd i 1970. Han har hatt roller og vore kamp- og fektekoreograf i fleire sogespel, mellom anna i Kinnaspelet og Spelet på Stiklestad. I tillegg spelte han i Sverdet i Sarpsborg og i Gullhjelmen ved Teater Ibsen i 2000. Dei siste åra har Åsmund jobba mykje med film og TV og har medverka i bl.a Kodenavn Hunter, Brigaden, Fox Grønland, Jeg er Dina og Soria Moria.
-
Åslaug Timenes Bell – Helga den Fagre
Fødd i 1989, kjem frå Viksdalen. Åslaug si hovudinteresse er musikk, og ho spelar hardingfele. Det siste året har ho studert folkemusikk i Rauland. Før det gjekk ho på musikklinje på vidaregåande, her fekk ho også prøvd seg på drama og teater. Åslaug var med på Gaularspelet første gong i 2007, og er i år ny i rolla som Helga den Fagre.
-
Håvard Korsvoll – Ingolv Arnarson
Fødd i 1977 i Bygstad. Er utdanna sivilingeniør i elektronikk med NTNU i Trondheim, og jobbar med mikroelektronikk. Interesserer seg mykje for idrett, jakt og friluftsliv, spelar fotball, spring orientering og går på ski. Håvard har vore med på Gaularspelet i 1988, 1990, 2000, 2002, 2005 og 2007. Har dei fire siste åra hatt rollene som Hersten og Hallstein Atleson. Håvard stod også bak den første nettsida til Gaularspelet.
-
Rolf Losnegård – Atle Jarl
Rolf er fødd i Hyllestad, Ytre Sogn 1946, bur i Vårdal, er gift med Anne Britt og har tre born. Han har jobba i NRK, som lærar i ungdomsskulen, som dramaturg/manuskonsulent i Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater, og som leiar i Norske Dramatikeres Forbund. Er for tida heiltidsdramatikar og forfattar. I tillegg til å vere manusforfattar, var han med som instruktør for oppsetjingane i 2000, 2002 og 2005.
-
Kari Rønning – Astrid, kona til Atle Jarl
Fødd i 1959 og kjem frå Herøy på Sunnmøre. Bur idag i Bygstad. Er utdanna sosionom og jobbar innan yrkesretta attføring. På fritida har ho eit stort engasjement innan i Rusettervernet i Sogn og Fjordane, særleg for pårørande. Er elles interessert i fjellturar, handarbeid, kultur.Var med på Gaularspelet første gong i 2007, då som kona til Torodd (gardstyraren til Atle Jarl).
-
Atle Hoff – Herstein Atleson
Født i 1981 i Viksdalen. Er til vanleg gardbrukar. Er folkedansar og har delteke i mange kappleikar. Var for første gong med i Gaularspelet i 2005, hadde då rolla som Holmstein Atleson. I 2007 såg vi han som Hallstein Atleson, og i år spelar han Herstein Atleson.
-
Ole Rune Døskeland – Hallstein Atleson
Fødd i 1979, jobbar som advokat og driv advokatkontor i Førde. Driv også Døskeland Bruk på Sande, med fjørfe- skog-, og potetproduksjon, samt utleigehytter og laksefiske. Ole Rune har vore med i Gaularspelet to gongar før, i 2005 og 2007, då i rolla som Torodd (gardsstyraren til Atle Jarl). Han interesserer seg for segling, golf, vassport, jakt, fiske og telemark.
-
Asbjørn Aase
Ingvild Furnes
Marit Kvamen
Mangvard Råheim
Tove Kårstad Haugsbø
Mette Grytten
Geir Helge Sunde
Pål Ness
Jørn Nedrebø
Torbjørn Risting Eide
Torni Losnegård
Fredrik Kårstad Lilleaasen
Øyvind Halsnes
Eyvind Nistad
- Torodd, styrer garden til Atle Jarl
- Unn, dotter til Torodd
- Ulvhild, dotter til Torodd
- Gunnar Skald
- Hallveig Frodesdotter
- Kvara, irsk trælkvinne
- Keitran, irsk fløytespelar
- Irsk gjøglartræl
- Våga-Vig frå Staveneset
- Vidar
- Hallfrid
- Torve
- Ravn, kong Haralds fremste mann
- Øyvind Nidskald, kongs Haralds skald
-
Fleire aktørar →
Regi – Instruksjon:
-
Instruktør – Idun Losnegård
Idun Losnegård er født og oppvaksen i Askvoll, Sunnfjord. Ho har treårig skodespelarutdanning frå The Guildford School of Acting i England og har jobba som frilans skodespelar i Norge og England 10 år. Idun har vore mykje innom Sogn og Fjordane Teater med blant anna Den Frie Kystkvinna av Norvald Tveit, Saman skal vi leve, basert på intervju rundt det som skjedde med Arve Beheim Karlsen, Kinnaspelet og Food for faen av Rolf Losnegård og Gokk av Maria Tryti Vennerød. Ho har turnert med Riksteateret, Rikskonsertane og sitt eige teater Aldateateret med ulike produksjonar. For Det Åpne Teater i Oslo gjorde ho stykket Babel – ein samarbeids- produksjon med teateret Artistas Unidos i Portugal. I England har ho blant anna jobba med den fysiske teatermusikalen Alyona og The Last Room I Checked og no held ho på å utvikle Gilgamesh – ein fysisk teaterproduksjon basert på scenekamp.
Som regissør har Idun jobba med Førde- produksjonen Bråddway i 2008 og Gaularspelet 2007. Ho er også vokalist i det Førdebaserte bluesbandet Mrs. and the Pitifuls.
-
Scenekampinstruktør – Jeff Pedersen
Jeff er frå Nord Carolina i USA og har utdanning frå The Acting Studio i New York og The Guildford School of Acting i England. Som skodespelar har han blant anna gjort teaterproduksjonen The Philadelphia Story på The Old Vic i London med Kevin Spacey og tv-produksjonane Absolute Power, The Government Inspector og Britz for BBC og Channel 4. Jeff har spelt i filmar som You’ve Got Mail og Tigeren og snøen med Roberto Begnini. Jeff har også vore dramalærar på tv-serien Britain’s Next Top Model og er rektor for eit av faga på teaterskulen Arts Educational i London.
Jeff er kvalifisert scenekampinstruktør frå Nordisk Scenekampforbund og British Association of Dramatic Combat i England. Som kampinstruktør har Jeff jobba i England og Norge i snart 10 år, blant andre Dragseidspelet med Mikkel Gaup, Losnaspelet, Håkonarspelet, ungdomsmusikalen West Side Story. No jobbar han med den fysiske teaterproduksjonen Gilgamesh saman med blant andre Idun Losnegård og Rolf Losnegård.
-
Musikalsk leiar – Johan Bengtsson
Johan Bengtsson, 46 år, frå Värmland, Sverige, Er utdanna valthornist og var profesjonell musikar 1985-1993 i Örebro og Stockholm. Starta som korpsdirigent 1988. Han kom til Norge i 1994, og har jobba som rektor ved kulturskulen i Førde sidan 1997. Johan har vore dirigent for fleire korps både i Sverige og Norge, m.a. Bygstad skule- og hornmusikk (97-98), og har tidlegare dirigert miniversjonen av Gaularspelet.
-
Nemndene i Gaularspelet →
|