GaularspeletGaularspelet er tufta på historiske hendingar omkring samlinga av Norge og dei fyste busettinga på Island. Atle Jarl styrde Gaular og Sygnafylket under Halvdan Svarte (Heimskringla.no, Halvdan Svartes saga) men kom opp i strid med Jarlen Håkon Grjotgardson frå Møre etter at Harald Hårfagre (Heimskringla.no, Harald Hårfagres saga) fekk kongemakta etter far sin. Dei møttes ved Staveneset der Håkon fall og Atle ulivsår så han døydde nokre dagar seinare.
Og vaagen vart Vidare fortel soga om Ingolfr Arnarson og striden mellom frenden hans Leif Rodmarsson(skrivast Hrodmarsson på Islandsk/gammalnorsk) og Atlesønene om Helga, syster til Ingolfr. Drapet på Herstein førde til at Ingolfr og Leif vart lyst fredlaus i Norge og slo seg ned på Island som dei fyrste landnåmdsmenn. Atle Jarl"Hin Mjove" frå Gaular ca. 790 - 865
Atle var morbror til Thora, første kona til Halvdan. Harald Hårfagre var son til Halvdan i andre ekteskap og såleis ikkje i slekt med Atle Jarl. Halvdan og Atle var svært gode vener og hadde mykje kontakt med kvarandre. Dette var nok også ein av grunnane til at Atle vart sett til jarl over Sogn og Sunnfjord. Oppgåver for ein jarl var å krevje inn skattar for kongen, syte for lov og orden i bygdene og å ta imot kongen og mennene hans når dei var på reise rundt i landet. Harald Hårfagre hadde sett seg store mål, (å samle heile landet under ein konge) difor høvde det ofte dårleg for han sjølv i å delta på reisene rundt i jarleseta. Han sende i staden nokre av mennene sine til Osen. Folk flest såg med respekt på kongsmennene. Men sidan kongen ikkje var med, fòr mennene ofte nokså vilt fram med turing og slosting. I tre år hadde kongsmennene kome til Osen utan at Kong Harald var med, og Atle Jarl lika det lite. Når dei no kom att fjerde gongen utan at kongen var med, jaga han dei. Dette skulle kome til å verte banen hans. Mennene klaga han for kongen og gav jarlemakta i Sogn og Sunnfjord til Håkon Jarl på Møre. Atle fekk samla saman menn frå sitt område, og dei to hærane møttest i Stavenesvågen nord for Askvoll. Albert Joleik fortel det såleis i Sunnfjordsoga: "Dei tvo jarleflotane lagdest mot kvarandre og slost på karavis. Sunnfjordingane vann, Håkon Jarl fall og folkje hans rømde, og Atle fekk ulivssår. Dei førde han i land i Atløyi, og der dò han av såri 5 dagar etter. Sidan heiter der Atløy." Somme trur at Atle Jarl også vart gravlagt der, men i følgje Sunnfjordsoga er det slett ikkje sikkert. Sunnfjordsoga om Atle Jarl endar slik: "Han var tolug lenge, som sunnfjordingen er, men når kongsmennene ikkje ville slutte med uvørskapen sin, våga han heller liv og rike enn å tola det lenger. Å slost hadde han lært, og han sparde seg ikkje om han var gammal." Ingolfr Arnarsson840 - ca. 910 Samstundes med at Ingolv budde i Rivedal, budde og styrde Atle Jarl i Gaular. Han hadde sønene Herstein, Holmstein og Håstein. Dei reiste i viking saman med Ingolv og Leiv, som var blodsbrør, fosterbrør og syskenborn. Då far til Ingolv, Ørn Bjørnulvson døydde, reiste Ingolv ein bauta over han. I erveølet som vart helde, skulle det etter gamal skikk gjerast store lovnader, "heitstrengingar". Då turen kom til Herstein, lova han at han anten skulle gifte seg med Helga, den fagre syster til Ingolv, eller gå ugift. Dette lika Leiv dårleg, for han elska Helga og var lova å få henne. Håstein lova at han aldri skulle vike frå retten sin i noka sak, sjølv om motparten var ein av frendane hans. Ingolv lova at han ikkje ville dele arven, dvs. også Helga, med nokon annan enn blodsbroren.
Leiv ville hemne sneiorda til Atlesønene, men Ingolv, som var ein vidsynt og tenksam mann, rådde han i frå. Leiv møtte Atlesønene ved Hisargavl i Nordhordaland og der fall Herstein. Seinare fall Holmstein i slaget ved Eikenes. Holmstein vart bydd forlik, men han ville ha hevn. Ingolv og Leiv vart lyste fredlause på vårtinget på Dingemoen i Dale. Alt jordegods dei eigde skulle tilfalle Håstein, og dei fekk 3 år på seg til å forlate landet. Ingolv ofra i Huselen i elva Riva. Blodsponen synte dei til Island, som då var oppdaga. Om våren tredje året reiste dei til Island med kvar sin knarr. Dei fekk med dei folka som ville fylgje dei og elles alt det som nybyggjarar treng, husdyr og alt det godset dei fekk med seg. Dette var i året 874. Då dei kom til Island, vart Ingolv buande på "Ingolvshøfdi" og Leiv på "Hjørleivshøfdi". Seinare fann Ingolv att høgsetesolpane som han hadde kasta på havet. Han hadde lova at der dei rak i land, skulle han byggje garden sin. Han bygde då garden Reykjavik. Ingolv og kona Hallveig hadde borna Torstein og Torny. Frå dei er det mange etterkomarar på Island. Linkar:Link om vikingskip, typar og bruk, Litteratur elles:Boka om Ingolfr Arnarsson Andre historiske kjelder/sagaer:Fagrskinna |