|
”Kjærleiksaum” er eit storslege drama om korleis det kan ha gått føre seg då Harald Hårfagre sende mennene sine til veitsle hjå Atle Jarl ”hin Mjove”(den smale) som styrde Gaular og Sygnafylket for han. Om Ingolfr Arnarsson og syster hans Helga ”Den Fagre” som var lova til frenden Leif Rodmarsson men som og Herstein, son til Atle Jarl var hugteken av. Om korleis drapet på Atlesønene førde til at Ingolfr og Leif vart dømde fredlause og reiste vest i havet til Island og slo seg ned der. |